Kurs 2022

Rolig yoga:
5 vekers kurs
Oppstart onsdag 27. april 2022 kl. 19.00 til 20.00
Vi praktiserar rolig og mjuk yoga der det vil være ein variasjon mellom liggande, sittande og ståande øvelsar for styrke, fleksibilitet og balanse. Det vil bli lagt vekt på å være til stades med mjuke, rolige og skånsomme bevegelsar i takt med pusten, som gir rom for å frigjere stivheit, spenningar og stress. I programmet vil det være innslag av ulike terapeutiske øvelsar og meditasjonar. Timane vert avslutta med guida avspenning, der det blir tilrettelagt for at du kan finne djup kvile som kan bidra til å løyse fysiske og mentale spenningar.
Programmet er lagt opp slik at det skal passe alle, enten du har gjort yoga før eller ikkje. Ein time der vi finn tid og ro, senkar skuldrane og lyttar innover.
Yogalærar: Mai Britt Aambakk
Kursdagar:
Onsdagar kl 19.00 til kl. 20.00
Datoar:
27. april, 4. mai, 11. mai, 18. mai og 25. mai 2022
Varigheit:
60 minutt
Pris:
Kr 900 for heile kurset
20% rabatt for studentar, arbeidsledige, uføretrygda, pensjonistar evt andre som treng det.
Adresse:
Bruksbutikken, Garvargata 1.
Inngang frå parkeringsplass på oppsida av huset.
Påmelding:
Send sms til Mai Britt på tlf. 40060945
Ta med eiga matte, eit tynt teppe, pute, og evt. anna du treng for å gjere det behagelig for deg sjølv. Vi har bolster til utlån.

Yoga og chakrasystemet
7 vekers kurs
Oppstart : Tirsdag 19. april 2022 kl 18.00
Kurset er ein kombinasjon av undervisning om chakrasystemet og yogapraksis. Chakrasystemet er eit system for å forstå helse i lys av å sjå på mennesket som fysiske, emosjonelle, spirituelle og tenkande vesen. Chakra er energetiske enheiter med kroppslig tilhørigheit og med tilhøyrande tankesett og emosjonelle tema. Kvart chakra har sitt unike tema, som ein kan få tilgang til gjennom ulike metodar som adresserar både den fysiske kroppen, tankar og følelsar, og vi brukar chakrasystemet som ein forklaringsmodell og som eit kart over sammenhengen mellom desse. Vi ser på kvar i kroppen dei ulike tankar og følelsar kan sette seg som fysiske manifesteringar, gjenkjenner dominerande og unnvikande mønster samt lærer korleis vi kan aktivere og balansere chakra ved hjelp av yoga som metode.
Vi praktiserar rolig, innkjennande og mjuk yoga, med
variasjon mellom liggande, sittande og ståande øvelsar. Det vil bli lagt vekt på å være til stades med mjuke, rolige og skånsomme bevegelsar i takt med pusten, som gir rom for å frigjere stivheit, spenningar og stress. Med i programmet vil være innslag av ulike terapeutiske øvelsar og meditasjonar. Timane vert avslutta med guida avspenning, der det blir tilrettelagt for at du kan finne djup kvile som kan bidra til å løyse fysiske og mentale spenningar.
Programmet er lagt opp slik at det skal passe alle, enten du har gjort yoga før eller ikkje.
Yogalærar:
Mai Britt Aambakk
Kursdagar:
Tirsdagar kl 18 - 19.30
Datoar:
19. april - 26. april - 3. mai - 10. mai - 24. mai, 31. mai og 7. juni 2022
Varigheit:
90 minutt
Pris:
Kr 1880,-for heile kurset
20% rabatt for studentar, arbeidsledige, uføretrygda, pensjonistar evt andre som treng det. Obs - det er begrensa med plassar på kurset.
Adresse:
Bruksbutikken, Garvargata 1.
Inngang frå parkeringsplass på oppsida av huset.
Påmelding:
Send sms til Mai Britt på tlf. 40060945
Ta med eiga matte, eit tynt teppe, pute, og evt. anna du treng for å gjere det behagelig for deg sjølv. Vi har bolster til utlån.