August 29, 2017

På grunn av fleire ulike årsaker, vert det som skissert endringar i kursa Viryayoga på tirsdagar. 

Yogakursa Virya 1/2 og Virya 2/3 som skulle starte tirsdag 5. september og gå over 14 veker, vert erstatta av eit 5 vekerskurs. Dette kurset vert deretter etterfulgt av eit 8 vekers etter haustferien. Det første kurset er egna for nybyrjarar, men vil også kunne favne om dei som er litt øvet. Kurset etter haustferien vil bygge vidare på 5- vekers kurset. 

Timane vil vere bygd opp rundt eit biomekanisk tema og eit tema til ettertanke, som alle Viryayogatimar. Men vil variere i forhold til Viryakursa som er kjørt tidlegare. Det vil bli lagt vekt på å bygge sensitivitet og lytteevne, og etterkvart meir på å styrke kjerna.

Les meir om kurset her

Påmelding skjer på e-post eller tlf til Ann Iren.

Tlf 95757275

August 29, 2017

Vi satt opp svært mange kurs fra og med august, men nokre av dei vert dessverre ikkje starta opp pga få påmeldte. Vi veit ikkje om det skuldast tekniske problem vi har hatt med nettsidene (vi veit det er nokre påmeldingar som ikkje har nådd oss), eller om folk flest fortsatt er litt i sommarferiemodus? Kanskje litt begge delar, eller kanskje noko anna? 

Kursa som utgår i denne runda er

Mediyoga v/ stress og utbrenthet fra mandag 21. aug 

Innføringskurs i yoga fra onsdag 23. aug

Align & Flow fra torsdag 31. aug

Restorativ yoga fra torsdag 31. aug

Viryayoga vil bli tilbydd som eit 5 vekers kurs fra tirsdag 5. september. Virya 2/3 utgår.

Gi oss gjerne info på mail eller tlf 93008602 om du hadde tenkt deg å vere med på disse kursa over. Er det interesse for det så kan vi sette opp nye kurs ut på hausten. 

Oppdatert kursoversikt finn du her

August 29, 2017

Vi har dessverre hatt litt tekniske problem med nettsidene våre i sommar. Det kan ha medført at di påmelding til kurs kanskje ikkje har nådd oss...

Vi beklager dette veldig, og ber deg om å ta kontakt med oss igjen dersom du ikkje har fått bekreftelse på kurspåmelding, eller ikkje fått svar på andre forespørslar. 

Du kan nå oss på mail ved å klikke på e-post linken ved bildet av kvar enkelt instruktør her  

Eller ring oss:

Mette: 93008602

Trine: 91649537

Ann Iren: 95757275

Mai Britt: 40060945

Line Katrin: 90644614

Inger Kristine: 94242985

Rebecka: +46 73026757

Kishore: 40542534

August 7, 2017

Inger Kristine kan denne hausten tilby eit fint innføringskurs i hathayoga for deg. Hatha yoga er ein enkel, roleg yogaform som passar for alle.

Nybyrjarkurset gir deg ei innføring i enkel fysisk yoga og pust. Kurset gir deg godt grunnlag til å fortsette med yoga. Kurset har fokus på samband mellom pust og bevegelse og ein praktiserar øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Timen blir alltid avslutta med Savasana (avspenning).

Kurset går over 8 veker og startar onsdag 23. aug kl 1930. Inger Kristine svarer gjerne på spørsmål om du har nokon. Du finn kontaktinfo i kursbeskrivelsen. Varmt velkommen!

Meir info og link til påmelding finn du her

August 3, 2017

Tirsdagar blir Viryadagar også denne haustsesongen. Ann Iren har satt opp to 14 vekers kurs i Viryayoga, begge med oppstart 5. september

Kl 1715: Virya 1/2 - For nybyrarar og dei med litt erfaring

Kl 1900: Virya 2/3 - For viderekomne

I Viryayoga jobbar vi med styrke og aktivering i stretchinga. Målet er ikkje å skape ei stilling som ser fantastisk ut fra utsida, men ei som gjer at du kjenner deg bra innanfrå. Sjølv om det vert operert med ulike seriar/nivå, er det ikkje slik at ein må gå på vidaregåande om ein har gått Virya 1/2 før. Det kjem til å bli gitt modifikasjonar av yogaposisjonane slik du kan finne ei passeleg utfordring eller dvele ved sensasjonane der du er. Ta kontakt med Ann Iren på 95757275 om du vil ha veiledning i forhold til valg av time.

Meir info om pris og påmelding finn du her

Bli med og finn din styrke innanfrå og ut. Early-bird pris ved påmelding innen 15. aug. 

August 3, 2017

Det gleder oss å ønske Rebecka Larsdotter velkommen til Tindelandet Pilates & Yoga.


Rebecka er svensk, men bosatt på Vigra. Ho er utdanna yogalærer i USA, og har praktisert yoga i 14 år. Ho underviser Vinyasa, Yinyoga, Restorativ yoga og meditasjon. Forutenom å undervise yoga, jobbar ho som sangpedagog, sanger og skilærer. Du kan lese meir om Rebecka på våre nettsider

Torsdag er dagen du treffer Rebecka på Tindelandet. Ho har satt opp to kurs fra 31. aug:

Restorativ yoga kl 1730, 6 vekers kurs

Align & Flow (Vinyasa yoga)  kl 1915,  6 vekers kurs

Rebecka holder sjelfulle timer på veldig trivelig svensk :)

Meir info om hennar og andres kurs finn du her

August 3, 2017

Velkommen til ein ny sesong på Tindelandet Pilates & Yoga!

Mai Britt starter to nye Mediyoga kurs mandag 21. aug:

Kl 1730: Mediyoga ved stress og utbrenthet, 4 veker

Kl 1915: Mediyoga for nybyrjarar, 8 veker

Du finn meir infomasjon om Mediyogakursa til Mai Britt og flere andre kurs ved å klikke her

Velkommen til nye og gamle kjente!

Please reload