October 31, 2017

Eit tilbod for liten og stor. 

19. november sett vi opp ein workshop for barn i aldersgruppa 6-12 år, i følge med ein vaksen, enten det er foreldre, storesøsken, besteforeldre eller andre. 

I barneyoga, som i annan yoga, forsøker vi å lage ein arena der vi åpnar for nærvær og røyrsle, utan å stille krav til prestasjon. Vi startar med å bli litt kjent, lytte til pusten og hjarte, og nokre enkle pusteøvingar. Så gjer vi nokre meir fysiske øvingar, både saman og kvar for oss på matta. Ein velger sjølv om kva øvingar ein ynskjer å bli med på. Så om nokon kjenner seg litt uroa, berre av å sjå arrangementbiletet, så vit at verken barn eller vaksen må gjere alt. Målet er å utforske pusten som reiskap for å finne ro, samt ha det gøy i lag. Vi avsluttar timen med guida avspenning. 

For meir informasjon og påmelding, klikk her

October 31, 2017

FredagsPeace er eit nytt tilbod på Tindelandet. Kom aleine, eller kom med jobbkollegaer.  

Vi startar kl 1615 og er ferdig til fredagstacoen. Ann Iren guidar ein 90 minutters blanding av oppmjukande røyrsler og avspenningsøvingar. Vi tek i bruk element fra både viryayoga som er meir dynamisk yogaform og restorativ yoga som er meir stille. Men forsøker å begrense øvingar der vi legg vekt i hendene. Fokuset vil ligge på å skånsomt skape mobilitet i "kontorkroppen", skape energiflyt, og å roe sinnet slik vi kan vere meir tilstades med både kropp og sinn når vi kjem heim. 

Det er satt opp FredagsPeace på Tindelandet 10. november og 8. desember. Men om tilbodet blir populært, kan det verte satt opp fleire timar. Det går også an å bestille FredagsPeace (eller same konsept andre dagar) som bedriftsarrangement, på Tindelandet eller i eigne lokaler. Ta kontakt med Ann Iren om det er aktuelt. 

For meir informasjon og påmelding klikk...

October 20, 2017

Vi ønsker Eva Kleirath hjertlig velkommen som yogalærar på Tindelandet Pilates og Yoga!

Eva er farmasøyt og jobbar på apoteket i Ørsta. Ho er oppvekst og utdanna i Østerrike, og flytta til Norge for 10 år sidan.

Ho seier, yoga fant henne i 2015. Ho skjønte fort at det gjorde godt for både kropp og sinn. Langvarige ryggsmerter forsvant, det ga gav motivasjon til å forstette med og fordype seg i Yoga.

Ho har mest erfaring innen Bikram, Ashtanga og Yin Yoga. Våren 2017 tok ho Yinyoga lærerutdanning fra HIYOGA i Bergen.

Eva kommer til å holde Yin Yoga timer hos Tindelandet. I første omgang som vikar for Mette på dagtid drop-in timen onsdag, og etterhvert med egne kurs. Vi gleder oss!

Please reload