August 7, 2017

Inger Kristine kan denne hausten tilby eit fint innføringskurs i hathayoga for deg. Hatha yoga er ein enkel, roleg yogaform som passar for alle.

Nybyrjarkurset gir deg ei innføring i enkel fysisk yoga og pust. Kurset gir deg godt grunnlag til å fortsette med yoga. Kurset har fokus på samband mellom pust og bevegelse og ein praktiserar øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Timen blir alltid avslutta med Savasana (avspenning).

Kurset går over 8 veker og startar onsdag 23. aug kl 1930. Inger Kristine svarer gjerne på spørsmål om du har nokon. Du finn kontaktinfo i kursbeskrivelsen. Varmt velkommen!

Meir info og link til påmelding finn du her

March 2, 2017

Felleskapet Tindelandet Pilates & Yoga utvider med enda en yogalærer!

Frå 23. mars held Inger Kristine Havåg kurs i 5 Element Yoga. Inger Kristine har bakgrunn som dansar, og jobbar til dagleg på Sunkost Ulsteinvik, og som yogainstruktør i Ulsteinvik og Ørsta.

5 Element Yoga er ei hathayogaform med enkle fysiske øvingar som passar for alle. Gjennom 8 kurskveldar vil ho guide oss i å utforske korleis vi kan bevege dei fem elementa i oss sjølv. Elementa vil verte nytta både som metafor og som konkrete verktøy for å gi meir balanse i kvardagen, Les meir om kurset her

Det gledar oss at Inger Kristine vil halde kurs på Tindelandet, og ynskjer ho varmt velkomment til Fellesskapet!

Please reload