August 7, 2017

Inger Kristine kan denne hausten tilby eit fint innføringskurs i hathayoga for deg. Hatha yoga er ein enkel, roleg yogaform som passar for alle.

Nybyrjarkurset gir deg ei innføring i enkel fysisk yoga og pust. Kurset gir deg godt grunnlag til å fortsette med yoga. Kurset har fokus på samband mellom pust og bevegelse og ein praktiserar øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Timen blir alltid avslutta med Savasana (avspenning).

Kurset går over 8 veker og startar onsdag 23. aug kl 1930. Inger Kristine svarer gjerne på spørsmål om du har nokon. Du finn kontaktinfo i kursbeskrivelsen. Varmt velkommen!

Meir info og link til påmelding finn du her

August 3, 2017

Velkommen til ein ny sesong på Tindelandet Pilates & Yoga!

Mai Britt starter to nye Mediyoga kurs mandag 21. aug:

Kl 1730: Mediyoga ved stress og utbrenthet, 4 veker

Kl 1915: Mediyoga for nybyrjarar, 8 veker

Du finn meir infomasjon om Mediyogakursa til Mai Britt og flere andre kurs ved å klikke her

Velkommen til nye og gamle kjente!

February 21, 2017

Frå og med onsdag 15. mars får vi eit nytt stort smil inn på Tindelandet Pilates & Yoga.

Da kjem nemlig Line Katrin Moe for å halde eit 7 vekers nybyrjarkurs i mindfulness. Line er utdanna pedagog, og har instruktørutdanning i mindfullness fra Famlab. Ho ynskjer å legge tilrette for at kvar enkelt kan ta grep i eigne liv, og leve frå hjartet med større fred, ro og balanse.

Det gledar oss at Line Katrin vil kome å halde kurs i mindfulness på Tindelandet, og ynskjer henne varmt velkommen!

Meir informasjon om kurset finn du under kurs og workshop på våre nettsider. 

February 29, 2016

Du kan no sikre deg plass på yogakurs i neste veke ved å betale kursavgifta på Tikkio!

 

Gå inn på www.tikkio.com og skriv yoga i søkefeltet, så får du opp alle kursa, og veiledning til korleis du kjøper deg ein plass. Smidig og enkelt! Og via Tikkio kan du også sjå kva som ellers skjer i området og kjøpe billettar til andre arrangement, som f.eks Sommarljom, X2 festivalen og eller konsert med Stiv Ulv. Lastar du nett appen på tlf, er billettar til kurs og konsertar berre nokre få tastetrykk unna, og du treng kun ta med tlf ved oppmøte.

 

Om du ikkje har brukt Tikkio før, og helst vil sleppe, kan du melde deg på via mail eller tlf som før.   

 

November 4, 2015

Hjå Tindelandet Pilates og Yoga er det mulig å lande og kjenne på roa også midt i julestria.

 

Vi startar opp nye 6-vekers yogakurs i neste veke:

 

 

Rolig yoga i Follestaddalen

Mandagar kl 1730 fom 9. nov*

Virya 1 i Follestaddalen

Mandagar kl 1930 fom 9. nov*

Rolig yoga i Sentrum

Tirsdagar kl 1000-1130 fom 10. nov

Virya 1-2 i Sentrum

Tirsdagar kl 1930-2100 fom 10.nov

 

*Mandag 23 nov utgår pga reise. Timane vert kjørt onsdag 25 nov istaden. Beskrivelse av timane finn du på nettsidene våre under timar/yoga.

 

Ordinær pris kr 950,-. Kr 720,- for  honnør, uføretrygda, arbeidslause og fulltidsstudentar.

 

Påmelding per mail til yoga@aroga.no eller på telefon/sms til Ann Iren på 95757275. Oppgi kva kurs det gjeld, samt navn og telefonnummer deltakar kan kontaktast på. 

 

September 12, 2015

Den komande veka er det oppstart på to 7 vekers nybyrjarkurs i Viryayoga hjå Tindelandet.  

 

Viryayoga er ein dynamisk, moderat fysisk time med fokus på bevegelseslære, nærvær og styrkebygging. Vi forsøker halde energinivået opp gjennom heile timen før vi avslutter med 15 min avspenning. Virya betyr entusiasme og energi, og det er det vi vil jobbe med å kultivere i timane. 

 

Oppstart:

Mandag 14. sept kl 20.00 i Follestaddalen Samfunnshus

Onsdag 16. sept kl 19.30 i Vikegata 31

 

Kurspris kr 1050. Om du ikkje får delteke på ein time i Vikegata kan du ta den igjen fram på dalen og vice versa. Det er også mulig å melde seg på begge kursa om ein vil gå to gongar i veka. Påmelding skjer ved å kontakte meg på e-postadressa yoga@aroga.no eller ringe/melde meg på 95757275.

 

Vel møtt

Ann Iren 

 

 

September 12, 2015

 

 

Vil du ha betre koordinasjon, utvida lungekapasitet, auka fleksibilitet og ei god styrketrening for heile kroppen? Prøv pilates då vel! Nybyrjarkurs over 5 veker, med trening Tysdagar kl.16:15 og Torsdagar kl.18:45. 

At det er kurs vil ikkje seie at ein ikkje kan være borte ein gong, om turnusar og liknande ikkje går opp. Det betyr berre at det i ikkje er ein open time for alle som trenar i studioet. 

Påmelding per melding eller SMS til Therese på 944 98 788. Pris: 1500 kr.

Please reload