August 7, 2017

Inger Kristine kan denne hausten tilby eit fint innføringskurs i hathayoga for deg. Hatha yoga er ein enkel, roleg yogaform som passar for alle.

Nybyrjarkurset gir deg ei innføring i enkel fysisk yoga og pust. Kurset gir deg godt grunnlag til å fortsette med yoga. Kurset har fokus på samband mellom pust og bevegelse og ein praktiserar øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Timen blir alltid avslutta med Savasana (avspenning).

Kurset går over 8 veker og startar onsdag 23. aug kl 1930. Inger Kristine svarer gjerne på spørsmål om du har nokon. Du finn kontaktinfo i kursbeskrivelsen. Varmt velkommen!

Meir info og link til påmelding finn du her

September 22, 2016

På dette kurset jobbar vi med pust, avspenning, øvelsar for fleksibilitet og avspenning i hofte, rygg, nakke og skuldrar samt innføring i meditasjon. Dette er ei rolig og terapeutisk form for yoga tilpassa alle, uansett fysisk form og eventuelle helseutfordringar. Det krevst ingen forkunnskap i yoga. 
 

Oppstart: Onsdag 5. okt kl 19.00

Varigheit: 75 min, 8 veker (opphald 2/11)

Yogalærar: Mai Britt Aambakk

Pris: kr 1200,- (kr 1020 for honnør, heiltidsstudentar, uføretrygda og arbeidsledige)

Påmelding: mb.aambakk@tussa.com

May 24, 2016

Vi annonserer med glede at fellesskapet Tindelandet Pilates og Yoga har fått selskap av Mai-Britt Ambakk. Mai Britt er utdanna sjukepleiar med spesialisering innan kardiologi(hjarte). Ho har arbeidd på Volda sjukehus i 23 år, spesielt innan fagfeltet hjarterehabilitering. Mai Britt er  utdanna lektor og har siste tre åra jobba som lærar på sjukepleiarutdanninga i Ålesund på deltid. Ho er no også diplomert MediYoga instruktør!

 

2. juni kl 19 startar Mai Britt opp nybegynnerkurs i Mediyoga hjå Tindelandet Pilates og Yoga. Kurset vil gå over 8 veker, med opphald i sommarferien. Så det vert 3 gongar i juni og 5 gongar i september. For fullstendig kursinformasjon sjå her

 

For spørsmål om kurset eller påmelding ta kontakt med Mai Britt på tlf 400 60 945 eller per e-post mb.aambakk@tussa.com. Velkommen!

 

September 12, 2015

Den komande veka er det oppstart på to 7 vekers nybyrjarkurs i Viryayoga hjå Tindelandet.  

 

Viryayoga er ein dynamisk, moderat fysisk time med fokus på bevegelseslære, nærvær og styrkebygging. Vi forsøker halde energinivået opp gjennom heile timen før vi avslutter med 15 min avspenning. Virya betyr entusiasme og energi, og det er det vi vil jobbe med å kultivere i timane. 

 

Oppstart:

Mandag 14. sept kl 20.00 i Follestaddalen Samfunnshus

Onsdag 16. sept kl 19.30 i Vikegata 31

 

Kurspris kr 1050. Om du ikkje får delteke på ein time i Vikegata kan du ta den igjen fram på dalen og vice versa. Det er også mulig å melde seg på begge kursa om ein vil gå to gongar i veka. Påmelding skjer ved å kontakte meg på e-postadressa yoga@aroga.no eller ringe/melde meg på 95757275.

 

Vel møtt

Ann Iren 

 

 

September 12, 2015

 

 

Vil du ha betre koordinasjon, utvida lungekapasitet, auka fleksibilitet og ei god styrketrening for heile kroppen? Prøv pilates då vel! Nybyrjarkurs over 5 veker, med trening Tysdagar kl.16:15 og Torsdagar kl.18:45. 

At det er kurs vil ikkje seie at ein ikkje kan være borte ein gong, om turnusar og liknande ikkje går opp. Det betyr berre at det i ikkje er ein open time for alle som trenar i studioet. 

Påmelding per melding eller SMS til Therese på 944 98 788. Pris: 1500 kr.

Please reload