August 29, 2017

På grunn av fleire ulike årsaker, vert det som skissert endringar i kursa Viryayoga på tirsdagar. 

Yogakursa Virya 1/2 og Virya 2/3 som skulle starte tirsdag 5. september og gå over 14 veker, vert erstatta av eit 5 vekerskurs. Dette kurset vert deretter etterfulgt av eit 8 vekers etter haustferien. Det første kurset er egna for nybyrjarar, men vil også kunne favne om dei som er litt øvet. Kurset etter haustferien vil bygge vidare på 5- vekers kurset. 

Timane vil vere bygd opp rundt eit biomekanisk tema og eit tema til ettertanke, som alle Viryayogatimar. Men vil variere i forhold til Viryakursa som er kjørt tidlegare. Det vil bli lagt vekt på å bygge sensitivitet og lytteevne, og etterkvart meir på å styrke kjerna.

Les meir om kurset her

Påmelding skjer på e-post eller tlf til Ann Iren.

Tlf 95757275

August 3, 2017

Tirsdagar blir Viryadagar også denne haustsesongen. Ann Iren har satt opp to 14 vekers kurs i Viryayoga, begge med oppstart 5. september

Kl 1715: Virya 1/2 - For nybyrarar og dei med litt erfaring

Kl 1900: Virya 2/3 - For viderekomne

I Viryayoga jobbar vi med styrke og aktivering i stretchinga. Målet er ikkje å skape ei stilling som ser fantastisk ut fra utsida, men ei som gjer at du kjenner deg bra innanfrå. Sjølv om det vert operert med ulike seriar/nivå, er det ikkje slik at ein må gå på vidaregåande om ein har gått Virya 1/2 før. Det kjem til å bli gitt modifikasjonar av yogaposisjonane slik du kan finne ei passeleg utfordring eller dvele ved sensasjonane der du er. Ta kontakt med Ann Iren på 95757275 om du vil ha veiledning i forhold til valg av time.

Meir info om pris og påmelding finn du her

Bli med og finn din styrke innanfrå og ut. Early-bird pris ved påmelding innen 15. aug. 

November 3, 2016

Lørdag 5. november kl 1700 arrangerer vi introduksjonskurs i Viryayoga. Viryayoga er en dynamisk yogaform utvikla ved Nordisk Yogainstitutt basert på ulike hathayogaformer og moderne vitenskap innen bevegelseslære. 

I Viryayoga forflytter vi oss frå ei stilling til ei anna i litt raskere tempo enn i klassisk yoga. Det er da nyttig å ha ekstra fokus på korleis vi plasserar føter og hender for å stå stødig, og korleis vi aktiverar musklane for å beskytte ledda. Det er blant annet dette vi lærer på introduksjonskurset.

Kurset kostar kr 300,- og varer i 2 timar. Du melder deg på ved å kjøpe billette på Tikkio, eller ved å sende navn, tlf og e-postadresse til yoga@aroga.no.

Meir informasjon om kurset finn du her

September 27, 2016

Tirsdag 8. november startar ei ny kursrunde med Viryayoga og Mjukne & Forny. Alle kursa vil gå over 6 veker:

Mjukne & Forny

Tirs kl 1630-1730

Virya 1/2 (nybyrjar og litt øvet)

Tirs kl 1745-1900

Virya 2/3 (Øvet +)

Tirs kl 1915-2030

Et vert ingen reine nybyrjarkurs i Viryayoga før på nyåret, men det vil bli arrangert eit introduksjonskurs laurdag 5. november. Tanken bak dette 2 timars kurset er å gi dei som ikkje har erfaring med dynamisk yoga nok kunnskap til å delta på Virya 1/2. For deg som lurer på om dynamisk yoga er noko for deg, vil du her få anledning til å prøve utan å måtte melde deg på eit heilt kurs.

Meir informasjon om alle kursa finn du her

August 13, 2016

Med to dager igjen av early-bird perioden er allerede 3 av høstens 5 kurs fulltegnet, Kundaliniyoga, Mjuke & Forny og Virya 1 - nybegynnerkurs i dynamisk yoga

Dersom du ikkje har fått plass på kurset du tenkte å delta på, ta kontakt med den som holder kurset for å registrere deg på eventuell venteliste. Blir det mange nok kan det kanskje bli aktuelt å sette opp ekstra kurs.  

Det er fortsatt ledig plasser på Barneyoga og Virya 2-3.

Rabattert pris ved påmelding innen utgangen av mandag!

July 6, 2016

5 nye kurs ligg no klare for påmelding på nettsidene våre.

Kundaliniyoga videregåande

Mandag 5. sept kl 1730

Mjuke & Forny - roleg restorativ yoga

Tirsdag 6. sept kl 1630

Virya 1  - dynamisk yoga begynnernivå

Tirsdag 6. sept kl 1745

Virya 2-3 - dynamisk yoga videregåande

Tirsdag 6. sept kl 1915

Yoga for barn 8-12 år

Onsdag 7. sept kl 1500

Fleire kurs har rabattert pris ved påmelding innan 15. aug, og dei to øverste er alt i ferd med å fyllast opp. Meir info om kurs og påmelding finn du her

Please reload