November 28, 2015

Søndag 6. desember kl 11-1230 finn vi fram barnet i både store og små på Tindelandet. 

 

Acroyoga kombinerer element frå yoga, akrobatikk og thai massasje. Ein hentar dynamikk og styrke frå akrobatikk, nærvær og omsorg frå thaimassasje og smidighet og filosofi frå yogatradisjonane. Disse elementa skapar ein leiken og inkluderande praksis, som vanlegvis vert utført i grupper på 3 eller fleire. 

 

På denne workshopen er målgruppa barn i alderen 6-12 år saman med foresatt eller ein annan i nær relasjon til barnet. Vi jobbar både to og to og i større grupper. Vi skal hente fram barnet i oss alle, leike oss med akrobatiske utfordringar og på slutten lande med omsorgsfull massasje og avspenning.

 

Varighet: 1,5 time

Pris: kr 300 for barn saman med ein vaksen

Påmelding innen 4/12: yoga@aroga.no / tlf 95757275

November 16, 2015

Komande laurdag, 21. nov, er Karen Rosenberg Olsen gjesteinstruktør hjå Tindelandet Pilates og Yoga.

 

Du kan bli med og møte dagen mjukt med morgonyoga kl 10 eller få energien opp med Viryayoga kl 11.30. Eller kanskje begge delar?

 

Morgonyoga: roleg yoga med fokus på pust, avspenning og oppmjuking. Passar for alle.

Virya 1/2 : dynamisk yoga med fokus på pust, flyt og teknikk. Passar for dei som har gjort litt yoga tidlegare.

 

Kvar time kostar 200kr. Betales kontant ved oppmøte. 

 

Dropp innom eller sikre deg ein plass ved å sende ein e-post til post@karenrosenbergolsen.com

 

PS: Timane som var skissert onsdag utgår på konsertøving

 

 

October 22, 2015

Kunne du tenke deg å prøve dynamisk yoga, eller fordjupe din yogapraksis?

 

I månedskiftet okt-nov får Tindelandet Pilates og Yoga besøk av ein av landets mest erfarne ashtangayogalærarar. Anders Lien vil kjøre klasser for både nybyrjarar og viderekomne.

 

Anders har eit særs trent auge for kvar du som deltakar treng, og kan hjelpe deg med å justeringar som gjer at du kan kome gå djupare i din praksis på ein skånsom måte. 

 

I helga kjører Anders følgande klasser i Vikegt 31:

Laurdag  31. okt kl 11-13 nybyrjarar 
Laurdag  31. okt kl 15-17 vidaregåande 
Søndag     1. nov kl 11-13 vidaregåande 

 

Pris kr 350 pr økt (300 pr økt om du er med på fleire)

Info/ påmelding tlf 93008602 eller via melding på FB til Tindelandet Pilates og Yoga.


Varmt velkommen!

 

 

 

 

Please reload