Acroyogaworkshop for barn (6-12 år) saman med vaksen, 6. desember


Søndag 6. desember kl 11-1230 finn vi fram barnet i både store og små på Tindelandet.

Acroyoga kombinerer element frå yoga, akrobatikk og thai massasje. Ein hentar dynamikk og styrke frå akrobatikk, nærvær og omsorg frå thaimassasje og smidighet og filosofi frå yogatradisjonane. Disse elementa skapar ein leiken og inkluderande praksis, som vanlegvis vert utført i grupper på 3 eller fleire.

På denne workshopen er målgruppa barn i alderen 6-12 år saman med foresatt eller ein annan i nær relasjon til barnet. Vi jobbar både to og to og i større grupper. Vi skal hente fram barnet i oss alle, leike oss med akrobatiske utfordringar og på slutten lande med omsorgsfull massasje og avspenning.

Varighet: 1,5 time

Pris: kr 300 for barn saman med ein vaksen

Påmelding innen 4/12: yoga@aroga.no / tlf 95757275

Featured Posts
Recent Posts
Archive
Search By Tags
Follow Us
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square