Bli med på Mindfulnesskurs med Line Katrin

Frå og med onsdag 15. mars får vi eit nytt stort smil inn på Tindelandet Pilates & Yoga.
Da kjem nemlig Line Katrin Moe for å halde eit 7 vekers nybyrjarkurs i mindfulness. Line er utdanna pedagog, og har instruktørutdanning i mindfullness fra Famlab. Ho ynskjer å legge tilrette for at kvar enkelt kan ta grep i eigne liv, og leve frå hjartet med større fred, ro og balanse.
Det gledar oss at Line Katrin vil kome å halde kurs i mindfulness på Tindelandet, og ynskjer henne varmt velkommen!
Meir informasjon om kurset finn du under kurs og workshop på våre nettsider.