top of page

Barneyoga 6-12 år i følge med vaksen - 19. nov


Eit tilbod for liten og stor.

19. november sett vi opp ein workshop for barn i aldersgruppa 6-12 år, i følge med ein vaksen, enten det er foreldre, storesøsken, besteforeldre eller andre.

I barneyoga, som i annan yoga, forsøker vi å lage ein arena der vi åpnar for nærvær og røyrsle, utan å stille krav til prestasjon. Vi startar med å bli litt kjent, lytte til pusten og hjarte, og nokre enkle pusteøvingar. Så gjer vi nokre meir fysiske øvingar, både saman og kvar for oss på matta. Ein velger sjølv om kva øvingar ein ynskjer å bli med på. Så om nokon kjenner seg litt uroa, berre av å sjå arrangementbiletet, så vit at verken barn eller vaksen må gjere alt. Målet er å utforske pusten som reiskap for å finne ro, samt ha det gøy i lag. Vi avsluttar timen med guida avspenning.

Featured Posts
Recent Posts
Archive
Search By Tags
Follow Us
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page