top of page

FredagPeace - Nytt yogatilbod i vintermørket


FredagsPeace er eit nytt tilbod på Tindelandet. Kom aleine, eller kom med jobbkollegaer.

Vi startar kl 1615 og er ferdig til fredagstacoen. Ann Iren guidar ein 90 minutters blanding av oppmjukande røyrsler og avspenningsøvingar. Vi tek i bruk element fra både viryayoga som er meir dynamisk yogaform og restorativ yoga som er meir stille. Men forsøker å begrense øvingar der vi legg vekt i hendene. Fokuset vil ligge på å skånsomt skape mobilitet i "kontorkroppen", skape energiflyt, og å roe sinnet slik vi kan vere meir tilstades med både kropp og sinn når vi kjem heim.

Det er satt opp FredagsPeace på Tindelandet 10. november og 8. desember. Men om tilbodet blir populært, kan det verte satt opp fleire timar. Det går også an å bestille FredagsPeace (eller same konsept andre dagar) som bedriftsarrangement, på Tindelandet eller i eigne lokaler. Ta kontakt med Ann Iren om det er aktuelt.

Featured Posts
Recent Posts
Archive
Search By Tags
Follow Us
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square
bottom of page