top of page

Smittevern

Tindelandet Pilates og Yoga følger Folkehelseinstituttet (FHI) sine smittevernreglar og råd, og dette medfører nokre ekstra tiltak og hensyn for både studio og deltakarar. Studio og toalett blir nøye vaska etter kvar klasse, vi held 1 meter avstand mellom mattene og har desinfeksjon og overflatedesinfeksjon lett tilgjengelig for våre deltakarar. Yogalærar/instruktør registrerar deltakarar på ei liste, til bruk ved evt. smittesporing.

 

Møt berre dersom du føler deg frisk, og ikkje er blitt utsett for smitterisiko siste tida. 

Praktiser god handhygiene - vask hender eller bruk handdesinfeksjon som du finn i våre lokaler.

Kom til timen ferdig skifta hvis mulig.

Ta med deg helst ferdig fylt vassflaske om du treng drikke.

Følg oppmerkinga av yogamattene i studio, for å sikre 1 meter avstand mellom mattene.

Bruk eiga yogamatte/underlag, pledd, pute/bolster og evt. augepute til bruk under avspenning. Våre ullmatter kan evt. brukast ved timar der dei eignar seg, men då med pledd/handkle over. Låner du vanleg yogamatte hos oss, må denne reingjerast nøye etter bruk.

76705229_1731009750363227_81310113750077
bottom of page