

Mindfulness, yoga og meditasjon - dahsretreat
Om kurset
Opplever du stress og høg aktivitet i kvardagen? Kanskje lengtar du etter å lande, puste og berre vere.
Dette arrangementet er ein invitasjon til å tre ut av kvardagens rytme og erfare krafta i stillheit og nærvær i trygge og leda rammer. Gjennom meditasjon, yoga og klassiske mindfulnessøvingar vil du utforske korleis oppmerksomt nærvær kan skape ro, balanse og klarheit.
Vi øver oss på å sleppe taket i autopiloten og heller møte livet med opne sansar, aksept og tillit.
Å vere saman i eit fellesskap som praktiserer stillheit, gjev ei heilt særskild oppleving av samhald og støtte. Når vi får vere i lengre strekk av stillheit, opnar vi også rom for å nå djupare inn i oss sjølve – til visdommen, kreativiteten og ressursane som ofte blir overdøyva av støy i ein travel kvardag.
Stillheit og mindfullness kan:
Redusere stress og uro i kropp og sinn
Fremje konsentrasjon, merksemd og kreativitet
Skape rom for djupare kvile og restitusjon
Styrkje kontakten med deg sjølv og dine eigne behov
Å vere i lengre strekk av stillheit kan kjennast uvant, men saman utforskar vi det på ein mjuk og vennleg måte. Dette er ei moglegheit til å gje deg sjølv ei pustepause – ei gåve av tid, merksemd og omsorg.
Dato: Laurdag 04.oktober
Tid: 11.00-16.00
Pris: kr 599,- inkl lunsj, frukt/nøtter og te
Stad: Tindelandet Pilates og Yoga, Strandgata 5B, 3 etg. 6150 Ørsta
Påmelding: Tlf 91763237 - Annfrid
Velkomen til ein dag for ro, påfyll og fornying
Instruktør
Annfrid
