Yoga

 

Yoga er ei samling av verktøy som kan hjelpe oss å leve eit liv i balanse. Dei ulike yogaformene som tilbys i dag tek i bruk ulike kombinasjonar av disse verktøya.

 

Nokre yogaformer fokuserer på bygging av styrke og fleksibilitet, andre meir på avspenning og gjenoppbygging etter sjukdom eller ulykke. Og andre igjen på meir åndelige aspekt. Felles for alle er synkronisering av pust og røyrsle, og ein invitasjon til å lytte innover for å finne ut kva som er riktig for den einskilde.