Kurs 2025


VinterYin:
Oppstart tirsdag 14. januar 2024 kl 18.00 til 19.30
Varmt velkommen yin yoga, ei mildare yogaform som gir deg teknikkar for å kvile, bygge deg opp frå innsida, kjenne på velvære og indre ro. Vinteren er ei tid for å nære vår yin og det rolige vannelementet. I yin yoga betyr det eit ekstra fokus på nyre-og blære-meridianane. Dette er dei to yin og yang organa som høyrer til vinteren og vannelementet.
I yin yoga har vi fokus på å møte stivhet og spenningar i kroppen med ro og vennlighet. Kroppen støttast med bolster og klosser for skånsomt å kunne mjukne opp. Dei ulike sittande eller liggande stillingane blir holdt over nokre minutt, for at stivhet og spenningar i muskulatur kan sleppe taket og dermed kunne strekke og skape flyt i bindevevet. Når vi tek oss tid til å jobbe meir djuptgåande med kroppen, vil vi kunne tilrettelegge for avspenning, auke fleksibiliteten, lindre smerter og gjenopprette flyt i energi og funksjon i musklar, senar og ledd.
Som støtte i praksisen vil du bli tilboden utvalgte eteriske oljar utblanda med baseolje , og bli guida til å plassere desse på spesielle akupunkturpunkt, chakraer eller reflekssoner på kroppen. Timen blir avslutta med Yoga nidra - ei djup og lang avspenning.
Yogalærar:
Mai Britt Aambakk
Kursdagar:
Tirsdagar kl 18 - 19.30, i alt 4 gongar: 14. januar, 21, januar, 28. januar og 4. februar
Varigheit:
90 minutt
Pris:
Kr 800 for alle fire timane (kr 640 ved rabatt)
Drop-in kr 250 (220 ved rabatt)
20% rabatt for studentar, arbeidsledige, uføretrygda, pensjonistar evt andre som treng det. Mulighet for delbetaling på kurset.
Klippekort kan brukast.
Adresse:
Strandgata 5B, 3.etasje. Inngang frå Strandgata eller parkeringsplass ved kaia
Påmelding:
Send sms til Mai Britt på tlf. 40060945 eller på messenger
Varmt velkommen!
.jpg)
Mediyoga nybyrjar - vekers kurs
Oppstart 2025 kl
Dette kurset er ei innføring i Mediyoga, men kan også passe for deg som har prøvd yogaforma tidlegare. I tillegg til enkle yogaøvelsar, praktiserar vi pust og avspenning, konsentrasjons- og oppmerksomhetsøvelsar og meditasjon. Den lange, djupe pusten vil i lag med langsomme og bevisste bevegelsar kunne legge til rette for at spenningar og stress gir slepp. Kropp og sinn går frå stressmodus til kvile og vedlikehald. Dette er ei rolig og terapeutisk form for yoga som kan tilpassast alle, uansett fysisk form og eventuelle helseutfordringar.
Les om Mediyoga her: http://no.mediyoga.com/
Varmt velkommen!
Yogalærar: Mai Britt Aambakk
Kursdagar:
Mandagar kl 20.00 til kl. 21.15
Datoar: 21.8, 28.8, 4.9, 11.9 og 18.9.2023
Varigheit:
75 minutt
Pris:
Pris: Kr
20% rabatt for studentar, arbeidsledige, uføretrygda, pensjonistar evt andre som treng det
Klippekort kan brukast
10 klipp:
5 klipp:
Drop-in
Rabatterte prisar i parentes.
Mulighet for delbetaling på klippekort.
Adresse:
Strandgata 5A, 3. etg.
Påmelding:
Send sms til Mai Britt på tlf. 40060945, evt melding på messenger
