
Om
Aromapunktterapi er ei mild og djupverkande metode som kombinerer essensielle oljer med trykk på utvalde akupunktpunkt. Behandlinga støttar nervesystemet, mjukar spenningar og gjev kroppen ein følelse av lettheit og velvære.
Aromapunktterapi er ei holistisk behandlingsform som byggjer på kunnskap frå akupunktur, aromaterapi og tradisjonell naturmedisin. I staden for nåler blir det brukt essensielle oljer på bestemte punkt langs meridianane i kroppen. Kvar olje er nøye valt for sine eigne eigenskaper – nokre verkar styrkande og energigjevande, medan andre roer, jorder eller løyser opp stagnasjonar i muskulatur og bindevev.
Når du kombinerer oljefrekvens og akupunktpunkt, blir signalet til kroppen ekstra tydeleg. Dette kan bidra til:
Redusert stress og indre uro
Ro i nervesystemet og betre søvn
Lindre spenningar i nakke, kjeve og rygg
Støtte ved hormonell ubalanse
Auka sirkulasjon og flyt i kroppen
Frigjering av emosjonelle blokkeringar
Behandlinga opplevast ofte som behageleg, omsorgsfull og djup – med langvarig verknad. Mange kjenner seg lettare, varmare og meir til stades i eigen kropp etterpå.
Aromapunktterapi passar for både kvinner og menn, og kan nyttast som eiga behandling eller i kombinasjon med andre kropps- og terapeutiske metodar. Målet er det same kvar gong: å støtte kroppen si naturlege evne til å regulere, sleppe spenning og finne tilbake til flyt, pust og livskraft.
Instruktør
Mai Britt Aambakk
Telefon: 400 60 945
E-post: mb.aambakk@tussa.co
