
Om Tindelandet
Tindelandet Pilates og Yoga er eit samarbeid mellom sjølvstendige instruktørar innan yoga og pilates. Vi har samla kreftene våre for å gi deg eit breitt, trygt og variert tilbod — midt i hjartet av Sunnmørsalpane.
Saman utgjer vi ei brei kompetanse innan kropp, sinn og sjel. Vi ønskjer å hjelpe deg å finne treningsforma som støttar deg der du er, akkurat no. Slik kan du velje etter dagsform, behov og gemytt, og finne balansen mellom styrke, ro, flyt og nærvær.

Lokalet
Vi held til i Ørsta sentrum, like ved den vakre Ørstafjorden. I Strandgata 5A finn du ein stor og lys gruppesal, samt trivelege behandlingsrom som gir rom for ro, bevegelse og tilstedeværelse.
Lokalet vårt ligg i 3. etasje, og du kjem enkelt inn enten frå Strandgata på oppsida av bygget, eller via parkeringsplassen ved kaia på nedsida.
Vi tilbyr også gruppe- og privattimar andre stader ved forespørsel og kapasitet.

Instruktørane

Mai Britt Aambakk
Mai Britt har bakgrunn innanfor helsesektoren der ho har jobba i ei årrekke. Interessa for yoga våkna for alvor for 11 år sidan, først som deltakar i nokre yogakurs. Gode effektar av yogapraksisen vekte nysgjerrigheita og lysta til å lære meir. Dei påfølgande åra gjennomførte ho fleire yogautdanningar og ein del workshops og kurs. På Tindelandet har ho i hovudsak undervist i rolige og terapeutiske yogaformer
_low.jpg)
Er du nysgjerrig på heilskapleg helse?
Ta konstakt med oss! Samarbeid, del erfaringar og ver ein del av eit inkluderande fellesskap som støttar kvarandre på vegen mot balanse og velvære.

