
Om
Dynamisk ansiktsterapi er ei heilskapleg behandling som kombinerer massasje, pust og bindevevsteknikkar for å løyse opp spenningar. Behandlinga stimulerer sirkulasjon og gir ansikt og nakke meir liv og energi.
Gjennom mjuke, presise og medvitne teknikkar får vevet hjelp til å sleppe taket. Behandlinga stimulerer lymfesystemet, aukar blodgjennomstrøyming, aktiverer ansiktsmuskulaturen og roer ned kroppen på djupet. Resultatet kan opplevast som lettare pust, meir avslappa mimikk, betre glød, naturleg løft, samt mindre spenningar i kjeve, nakke og hovud.
Behandlinga passar for deg som ønskjer:
å løyse opp spenningar i ansikt, kjeve og hals
å støtte lymfe og sirkulasjon i ansiktet
å redusere stress og roe nervesystemet
meir vitalitet, glød og naturleg uttrykk
eit mildt, ikkje-invasivt alternativ for ansiktspleie
Dynamisk ansiktsterapi møter både kropp og sinn – og gir ansiktet ein meir open, levende og kvilande kvalitet.
Instruktør
Mai Britt Aambakk
Telefon: 400 60 945
E-post: mb.aambakk@tussa.co
