top of page
Hathayoga

Om

Hatha yoga er ei tradisjonell og balansert form for yoga som hjelper deg å finne ro i kroppen og klarheit i sinnet. Gjennom fysiske stillingar (asana), pust med nærvær (pranayama) og avspenning får du eit pusterom frå kvardagen, samstundes som du styrkar kroppen frå innsida og ut.


I timane jobbar vi i eit roleg tempo, med god tid til å kjenne etter og bygge stillingane gradvis. Fokuset ligg på kvalitet framfor prestasjon – på å lytte til kroppen, finne sunne linjer og skape flyt mellom pust og rørsle. Hatha yoga kan bidra til betre haldning, auka fleksibilitet og styrke, mindre spenningar, betre pustekapasitet og større mentalt overskot.


Denne yogaforma passar både for deg som er ny og for deg som har erfaring, og er eit trygt utgangspunkt for å bygge ein stabil og varig praksis. Hatha yoga er jordande, styrkjande og oppløftande – ein plass der du kan lande, lade og reise deg med ny energi.



Instruktør

Mai Britt Aambakk

Telefon: 400 60 945

E-post: mb.aambakk@tussa.co

Varmt velkomen til Tindelandet.

Der pust møter fjella - heilt inn, heilt heim. 

  • Facebook
  • Instagram

@2025

bottom of page