

Acroyogaworkshop for barn (6-12 år) saman med vaksen, 6. desember
Søndag 6. desember kl 11-1230 finn vi fram barnet i både store og små på Tindelandet. Acroyoga kombinerer element frå yoga, akrobatikk og thai massasje. Ein hentar dynamikk og styrke frå akrobatikk, nærvær og omsorg frå thaimassasje og smidighet og filosofi frå yogatradisjonane. Disse elementa skapar ein leiken og inkluderande praksis, som vanlegvis vert utført i grupper på 3 eller fleire. På denne workshopen er målgruppa barn i alderen 6-12 år saman med foresatt eller ein an


Velkommen til avspenning fredag 16:15
Fredag kl 1615 står Trine klar til å ynskje dykk velkommen til ein ny God Helg time hjå Tindelandet. Fokuset er avspenning. Trine vil guide dykk gjennom ein time med mjuke røyrsler, enkle pusteøvingar og ei lengre avspenning. Ein treng ingen tidlegare erfaring med yoga for å vere med. Timen passar for alle. Drop-in eller klippekort. Velkommen! OBS! : Ettersom nokre har gitt uttrykk for vanskar med å rekke hit til kl 16, startar God Helg timen denne veka kl 1615.


Karen Rosenberg Olsen gjestar Tindelandet laurdag
Komande laurdag, 21. nov, er Karen Rosenberg Olsen gjesteinstruktør hjå Tindelandet Pilates og Yoga. Du kan bli med og møte dagen mjukt med morgonyoga kl 10 eller få energien opp med Viryayoga kl 11.30. Eller kanskje begge delar? Morgonyoga: roleg yoga med fokus på pust, avspenning og oppmjuking. Passar for alle. Virya 1/2 : dynamisk yoga med fokus på pust, flyt og teknikk. Passar for dei som har gjort litt yoga tidlegare. Kvar time kostar 200kr. Betales kontant ved oppmøte.


Lyst på ei skikkelig avspenning før helga?
Vi har fått inn nytt utstyr til yogasalen i sentrum. Så denne vekas God Helg Time vil vere inspirert av yinyoga og restorativ yoga. Vi ligg på ullmatter og tar i bruk bolstere, klossar, puter og pledd for å legge vekk alt stress og lande mjukt inn i helga. Pga krav til utstyr har rom for kun 8 personar. Her gjeld første mann/kvinne til mølla prinsippet. Du kan kome på drop-in eller bruke klippekort. Påmelding skjer per sms eller tlf til Ann Iren på 95757275 innan kl 12 på fre


Oppstart av nye yogakurs neste veke
Hjå Tindelandet Pilates og Yoga er det mulig å lande og kjenne på roa også midt i julestria. Vi startar opp nye 6-vekers yogakurs i neste veke: Rolig yoga i Follestaddalen Mandagar kl 1730 fom 9. nov* Virya 1 i Follestaddalen Mandagar kl 1930 fom 9. nov* Rolig yoga i Sentrum Tirsdagar kl 1000-1130 fom 10. nov Virya 1-2 i Sentrum Tirsdagar kl 1930-2100 fom 10.nov *Mandag 23 nov utgår pga reise. Timane vert kjørt onsdag 25 nov istaden. Beskrivelse av timane finn du på nettsiden