

Viryayoga i ny variant - 5 vekers kurs fra tirsdag 5. september kl 1715
På grunn av fleire ulike årsaker, vert det som skissert endringar i kursa Viryayoga på tirsdagar. Yogakursa Virya 1/2 og Virya 2/3 som skulle starte tirsdag 5. september og gå over 14 veker, vert erstatta av eit 5 vekerskurs. Dette kurset vert deretter etterfulgt av eit 8 vekers etter haustferien. Det første kurset er egna for nybyrjarar, men vil også kunne favne om dei som er litt øvet. Kurset etter haustferien vil bygge vidare på 5- vekers kurset. Timane vil vere bygd opp r


Endringar i kursoversikta
Vi satt opp svært mange kurs fra og med august, men nokre av dei vert dessverre ikkje starta opp pga få påmeldte. Vi veit ikkje om det skuldast tekniske problem vi har hatt med nettsidene (vi veit det er nokre påmeldingar som ikkje har nådd oss), eller om folk flest fortsatt er litt i sommarferiemodus? Kanskje litt begge delar, eller kanskje noko anna? Kursa som utgår i denne runda er Mediyoga v/ stress og utbrenthet fra mandag 21. aug Innføringskurs i yoga fra onsdag 23. aug


Beklager om vi har vore vanskelege å nå..
Vi har dessverre hatt litt tekniske problem med nettsidene våre i sommar. Det kan ha medført at di påmelding til kurs kanskje ikkje har nådd oss... Vi beklager dette veldig, og ber deg om å ta kontakt med oss igjen dersom du ikkje har fått bekreftelse på kurspåmelding, eller ikkje fått svar på andre forespørslar. Du kan nå oss på mail ved å klikke på e-post linken ved bildet av kvar enkelt instruktør her Eller ring oss: Mette: 93008602 Trine: 91649537 Ann Iren: 95757275 Mai B


Nyfiken på yoga? Bli med på innføringskurs med Inger Kristine!
Inger Kristine kan denne hausten tilby eit fint innføringskurs i hathayoga for deg. Hatha yoga er ein enkel, roleg yogaform som passar for alle. Nybyrjarkurset gir deg ei innføring i enkel fysisk yoga og pust. Kurset gir deg godt grunnlag til å fortsette med yoga. Kurset har fokus på samband mellom pust og bevegelse og ein praktiserar øvingar som gir styrke, fleksibilitet og balanse. Timen blir alltid avslutta med Savasana (avspenning). Kurset går over 8 veker og startar onsd


Nye kurs i Viryayoga med Ann Iren fra tirsdag 5. sept
Tirsdagar blir Viryadagar også denne haustsesongen. Ann Iren har satt opp to 14 vekers kurs i Viryayoga, begge med oppstart 5. september Kl 1715: Virya 1/2 - For nybyrarar og dei med litt erfaring Kl 1900: Virya 2/3 - For viderekomne I Viryayoga jobbar vi med styrke og aktivering i stretchinga. Målet er ikkje å skape ei stilling som ser fantastisk ut fra utsida, men ei som gjer at du kjenner deg bra innanfrå. Sjølv om det vert operert med ulike seriar/nivå, er det ikkje slik


Møt Rebecka - Ny yogalærer ved Tindelandet!
Det gleder oss å ønske Rebecka Larsdotter velkommen til Tindelandet Pilates & Yoga. Rebecka er svensk, men bosatt på Vigra. Ho er utdanna yogalærer i USA, og har praktisert yoga i 14 år. Ho underviser Vinyasa, Yinyoga, Restorativ yoga og meditasjon. Forutenom å undervise yoga, jobbar ho som sangpedagog, sanger og skilærer. Du kan lese meir om Rebecka på våre nettsider. Torsdag er dagen du treffer Rebecka på Tindelandet. Ho har satt opp to kurs fra 31. aug: Restorativ yoga kl


Nye Mediyoga kurs med Mai-Britt fra 21. august
Velkommen til ein ny sesong på Tindelandet Pilates & Yoga! Mai Britt starter to nye Mediyoga kurs mandag 21. aug: Kl 1730: Mediyoga ved stress og utbrenthet, 4 veker Kl 1915: Mediyoga for nybyrjarar, 8 veker Du finn meir infomasjon om Mediyogakursa til Mai Britt og flere andre kurs ved å klikke her Velkommen til nye og gamle kjente!