
Om
Kundaliniyoga er ei kraftfull yogaretning som kombinerer pust, enkle øvingar, mantra og meditasjon. Øvingane aukar energiflyt, styrkjer indre kraft og skapar ro i sinnet.
Kundaliniyoga handlar om bevisstheit – om å vekkje det som allereie ligg i deg, og rydde rom for eit liv som kjennest sant, nært og heilt. Gjennom jamn praksis blir du meir merksam på kva som gir energi, kva som tømmer deg, og kva kroppen og hjartet faktisk har behov for. Denne auka bevisstheita kan påverke alt frå val i kvardagen til relasjonar, arbeid og livsretning.
Metoden kombinerer fysiske øvingar (kriya), pust, meditasjon og mantra – altså både kropp, sinn og energisystem i samspel. Kjernen ligg i rytmen: puls, pust og fokus som gradvis løyser blokkeringar, styrkjer nervesystemet og gjev meir vitalitet, nærvær og emosjonell balanse. Mange opplever at Kundaliniyoga gjer det lettare å stå stødig i seg sjølv, møte stress med ro og sleppe gamle mønster som ikkje lenger tener.
Kundaliniyoga passar dei fleste, uavhengig av erfaring, styrke og fleksibilitet. Ein time vil gjerne innehalde dynamiske sekvensar, pusteteknikkar, djup avspenning og meditasjon – ofte med bruk av mantra. Resultatet kan kjennast både jordande og oppløftande, og støtte kroppen i å finne balanse på nytt, gong etter gong.
Instruktør
Mette Løseth
Telefon: 930 08 602
E-post: mettelos26@gmail.com
