
Yogaformer og behandlingtilbod
På Tindelandet tilbyr vi ulike former for yoga – tilpassa både nivå, dagsform og behov. Vi meiner at yoga først og fremst handlar om korleis du møter deg sjølv i øvingane, ikkje om kor avansert, sterk eller fleksibel du ser ut frå utsida. Målet kan vere å lytte til kroppen og sinnet, gi slepp på prestasjonsjag og unødige spenningar, og finne balanse i kvardagen.
Vi tilbyr både gruppetimar i yoga og 1–til–1 behandling og rettleiing for deg som ønskjer ei meir tilpassa, djupare eller rolegare tilnærming. Om du er nysgjerrig eller vil finne ut kva som passar deg, er du varmt velkommen til å ta kontakt.
Uansett om du søker styrke, fleksibilitet, avspenning eller indre ro, vil du gjennom yoga få eit fellesskap av bevegelse og pust – og ei moglegheit til å lytte innover og finne det som er riktig for deg.
Vi tilbyr også ulike 1-til-1 behandlingar. Ta gjerne kontakt, så finn vi det behandlingstilbodet som blir best for deg.









