
Om
Mediyoga er ei mjuk og meditativ yogapraksis som kombinerer pust, enkle kroppsøvingar og meditasjon. Metoden roer nervesystemet, styrkjer kroppen og hjelper deg tilbake i balanse – både fysisk og emosjonelt.
Dette er ein yogaform tilpassa dei fleste fysiske og psykiske begrensningar, og blir i dag nytta som eit kompletterande behandlingsverktøy i hundrevis av helseeningar i Sverige og Noreg. Dersom du er heilt frisk, kan Mediyoga hjelpe deg til større medvit, stabilitet, ro og harmoni.
Mediyoga – også kalla medisinsk yoga – vart grunnlagt og utvikla av Göran Boll ved MediYoga Institutet i Stockholm. Metoden har sitt utspring i klassisk Kundaliniyoga og tok form allereie i 1998, då det første samarbeidet med Karolinska Institutet starta. Då handla det om ein studie på kva yoga kan gjere for pasientar med kroniske ryggsmerter. Sidan den gong er det gjennomført mange ulike studiar på Mediyoga og dens effekt på forskjellige pasientgrupper og helseproblem generelt.
Organisasjonen Mediyoga arbeider for at yoga skal vere ein naturleg del av samfunnet – i kvardagen, på skulen, på arbeidsplassen og i helsevesenet – der det er behov for det. Dette skjer gjennom ny forsking, utvikling av utdanningsprogram, samt produkt og tenester, for at Mediyoga skal vere lett tilgjengeleg og nyttig – midt i vår travle kvardag.
Alle som underviser i Mediyoga må ha medisinsk grunnkompetanse.
Instruktør
Mai Britt Aambakk
Telefon: 400 60 945
E-post: mb.aambakk@tussa.co
