
Om
Silent Counselling er utvikla for å støtte nervesystemet tilbake mot balanse. Kroppen kan halde på gamle mønster som viser seg som stress, uro, spenningar eller tankekøyr. I denne metoden treng du ikkje forklare eller “grave” i det som har vore – vi jobbar direkte med kroppen og pusten, her og no.
Gjennom eit tydeleg, men skånsamt forløp blir du guida til å:
regulere pust og nervesystem
kjenne etter kva som skjer i kroppen
frigjere emosjonelle blokkeringar via akupressurpunkt
lande i tryggleik, tilstadesveving og ro
Når kroppen slepp tak i fastlåste reaksjonar, får du lettare tilgang på pusten, kjenslene og deg sjølv. Mange opplever betre søvn, mindre indre trykk, mildare tankar, og ein djupare kvile i eige system.
Silent Counselling er for deg som ønskjer endring – utan drama, utan prestasjon og utan å måtte gå gjennom alt på nytt. Berre pust, nærvær og respekt for kroppen si visdom.
